Nedanfor har eg samla det eg - til no - har funne som fortel om dei folka som har budd i Nigar' på Kvamme. Soga fortel i hovudsak om gnr 17 bnr 1 på Kvamme, men det fell og naturleg å nemne noko frå dei andre bruka og for heile garden, samt noko frå bygda og distriktet.
Dette er - enno - ikkje meir enn ei samling av historisk stoff, her er lite bearbeida materiale. Tida vil vise om eg går vidare med ei meir heilskapleg, vurderande og ”innlevd” skildring.
Kjelder
Kjeldene for framstillinga er i hovudsak:
- "Innvik", kyrkjebok
- Aaberg, Rasmus: Notatar om "byte i Nigar'" - Åland, Jacob: Bygdesoga Innvik - Stryn, band I og II (Utgåva frå 1974)
- Åstedssaker
Elles har eg vist til spesielle kjelder.
Byte i Nigar' Tradisjonen i Nigar' fortel at her var eit gard- og brukar-byte i 1 830-åra. Folket i Nigar' byta bruk med folket på Utigard/Håvardbruket. Denne fremstillinga følgjer denne teorien.
Takk!
Det er mange som eg har fått opplysningar frå, og eg vil seie dei ei varm takk for god hjelp. Fyrst og fremst gjeld dette Ingrid og Jakob Kvamme, mine svigerforeldre.
Dette er eit utkast til framstilling, og set stor pris på rettingar, tilføyingar og kommentarar!
Ola Fredrikson Kv/Agnete Andersd Kv & Anne Vilhelmsd Yri
Fredrik Olson Kv/Samueline Larsd Gytri
Olav Fredrikson Kv/Selma Johannesd Kv
Fredrik O Kvame/Audny Yri
Tidlege spor
Kvamme i den namnlause tida Den fyrste brukaren me kjenner namnet på var på garden like før 1600. Men her har vore folk og virke før denne tid.
Namnet Kvamme
Namnegranskaren Olaf Rygh: "Den gammalnorske forma var Hvammr, i dat. Hvammi som tyder ein stutt, flå dal, med opning til eine kanten. Namnet høver godt etter lendet. Namnet er i mellomalderen skrive: Huamme (dat.), sidan Quamme, Quame, Qvamme." (Aaland II s 88)
Fornminne
Frå Oldssaksamlinga har me fylgjande tekst, henta frå Per Fetts serie ”Førhistoriske minne på Vestlandet”. (Ref. In 5 / 1318 II / LP 8443 / AU 086-1 / 509.E6 / KVAMME, gnr. 97.)
For var før eigen gard, men skreid ut.
Funnkartet nr. 1. Johan J. Kvamme, bnr. 1.
Grav låg "innunder Hamrane", som er eit hamralag S for tunet. Funns taden er 200 m SV for stova, 6-8 m nedanfor hamaren der han er låg, noko N for midten av heile laget. Der er flinthard leirbotn og like nedanfor er eit søkk etter leirtak. På leira var ein del runde steinar som forma eit rom, steinlaget skal ha vore 13 m i tvm. I romet låg sverdodden mot S. Det såg ut som det var brent på steinane, men oldsakene er ubrende.
Sammendrag:Simun, Prest i Alda, og 3 andre Mænd kundgjöre, at de vare tilstede i Alda Kirke, da Ivar paa Rake opregnede for Olaf Ogmundssön baade Veitsler, Affald og Ödejord (i Alda Skibrede?).
Kilde: Efter Vidisse af 10 Aug. 1588 i Bergens Museum (No. 132). Alle 3 Segl mangle.
Nummer: 120. Dato: 19 Januar 1340. Sted: Alda.
Brevtekst (frå den trykte utgaven):
Ollum monnum /th/eim sæm /th/(e)tta bref sea æder høyra senda Simun prester i Alda Jostein Arnarszon Hakon broder hans Erlinger a Harinum q: g. ok sina yder gerum mer kunikt at mer warum i hia saaum ok høyrdum a i kirkiune i Alda dagin nesta firir festum Fabianj et Sebastianj a einu are ok xx rikis varns virdulegs herra Magnusar med guds miskun Noregs Suia ok Gota konungs er Juar a Rake reik-nade firir Olafe Ogmundar(syni) bæde weitslur affoll ok audnir er fyrst veitsla x. m. m. leigu. Jtem afoll i Nesdale inra vij m. m. leiga: Jtem i yttra Nesdale xj y Bø xviij y Hugrenne iij y Hellisettre iiij ok /th/ueggia
/th/ueitna leiga. Jtem i Breidingj iij m. m. leiga, Jtem i Sande iij y /Th/yuin viij y Seten sex y Afleinum iij y Medallenum v: y meira Sundj iiij y Huamme siu y Brekkohals m. m. leiga, [En j1 Myklabost iiij y ¬ Grytin m. m. leiga: Beinanese ij y Laukin v y Bruaruollum iij y Skarp-steinum iij y Ælgellum m. m. leiga. Jtem audnir i Haugrennj iij y Bryggium iiij y Soleimum ij y Sannese iij y Rustum iiij y Birgisdaler iiij. Jtem fatekkir Ericer sanger v m. m. leiga, Siugurder hafer firir iij Siugurder Gudridarson firir iij Olafer keiper firir ij Ragnildar /Th/ofua kona firir ij Jngeriid m. m. leiga, Loden firir sex Bardr Meldibein firir ij Kolbein Vika/th/unger firir m. m. leiga Halstein bratter halffs annars Solueig firir iiij Juar a Brekku h. atta Ogmunder firir iiij Ændrider firir
v Kolbørn firir iij Serkir a Laukin m. m. leiga Kalfuer firir m. m. leiga, Jwar gys firir vj Halfuard firir v Erlinger øyker firir ij. /th/essare reik- ning hans goruan ok varar ok vorar hiauero ok einga adra sannare at vare vitendt settum mer firnemdr men var indziglj firir /th/(e)tta bref er giort var a firnemdum degj ok are sæm fyr segir.
Vij efftherscreffne Poueld Helieszen Bergens och Gulatings laugmand Lauris Hanszen och Hans Findzen borgemeistere vdj Bergenn giøre witterligt ad vij haffuer grandgiffuelig besictit och offuerlest eit gamelt pergamens odels breff som vid thette breff er vidfest2 liudendes ord epther ord som thenne forscreffne vdcopie formelder.
Till sandingen herom henger vy vore signetter neden paa thette breff som er schreffuet y Bergen aar mdlxxxviij thend x Augustj.
Tillegg: Bagpaa: Lest paa Stryenn tinng thennd 28 Septembris anno (15)97. - Lest i lougmanndens huus i Bergenn thend 12 Nouembris Anno 1599 neruerendes Pouell Hellieszen lougmand Jacob Willomszen Michell Jenszen borgemestere och Raszmus Pederszenn raadmand i Bergen.
Dette gamle diplomet (brev) fortel at det var 7 m.m.b. avfall i Kvamme. J. Aaland forklarer m.m.b. slik: "M.m.b. - månads matabol = månadsmat. 1 m.m.b. kunne løysast med 36 merker smør + 72-96 merker mjøl - eller med 1 laup smør."
I skattelistene for 1647 finn me spor av folket på Kvamme:
Quamme skyllder aarligh 2 1/2 løber 1/2 pd. smør. Prestenn medforlennt 1 1/2 løber smør.
Bunde odell ibd. 1 løb 1/2 pd. smør.
Prestenn bøxellraadig for allt.
Och besidis aff Olle ibd., hannd bruger 1/2 løb smør. Gaff 1 rdr. Olle Ollsenn ibd. bruger 1/2 løb smør. Gaff 1 rdr. Olle Lassesen ibd. bruger 1/2 løb smør. Gaff 1 rdr. Andbiørnn ibd. bruger 1/2 løb smør. Gaff 1 rdr. Rasmus ibd. bruger 1/2 løb smør. Gaff 1 rdr. Enchenn ibd. bruger 1/2 pd. smør. Gaff 1 ort 8 s.
Ford/Førde/Fór - Den forsvunne garden i Oldedalen
Kvamme-gardane er tillagt jord frå ein gamal gard som no er borte. Difor kalles garden oftast "Kvamme med Førde". Ein tenkjer seg at ras har teke livet av eller jaga bort folket på denne garden. Her er nokre notat.
I Koppskatten for Nordfjord i 1645 finn ein namn fra garden Ford.
Anders Thordsen Ford
Anne Ford, hans quinde
Mattis Andersson Ford, børn
Syndeue, Thienistfolch
Anne, Husquinde
Dauid Ford
Anne Ford, hans quinde
Eli Rasmussd., Thienistfolch
Malfrid Ford, Husquinde
Anders Rasmussen Ford
Anne Ford, hans quinde
Kari, Thiennistfolch
Besiddis aff Anders ibd., hand bruger 2 1/2 pd. 6 mk. smør. Gaff 1 1/2 rdr. 1 ort 8 s. Ennchenn ibd. bruger 1/2 løb 3 mk. smør. Gaff 1 rdr. 8 s. Annders ibd. bruger 2 pd. 3 mk. smør. Gaff 1 rdr. 1 1/2 ort 4 s.
Omtale av turisttilbod og ferdselssårar i Yngvar Nielsens reisehandbok frå 1893.
Om støtte for Johannes paulson.jpg
01. Steinar
Steinar Kvamme rydda og bygde garden ikring 1560.
Steinar var far til:
a) Endre Steinarson på Håvardbruket, fødd ikring 1570. Endre overtok bruket - sjå neste bolk.
b) Lasse Steinarson på Sjurbruket.
Kjelda for desse opplysningane er ei sak frå 1651 - med hard kamp om åsæte til 1/2 laup mellom Kari Rasmusdotter og Oluf Olufson. Kari var gift med den eiene av sønene til Steinar. Sjå meir under bolken om Endre Steinaerson Kvamme.
I 1567 svarar Quamme 1 gsk. 1 bsk. i leiding. Leidingen var ein skatt til kongen, med namn etter den gamle forsvarsordninga (leidang). I nokon grad var leidingen eitt uttrykk for størrelsen på garden.
Same år - 1567 - var landskylda om lag 1 1/2 laup.
Garden er menmd i bispejordboka i 1585. Då eig prestebolet i Innvik 1/2 laup og 1 sau i garden. Sidan eig prestebolet 5 1/2 pund, resten var bondegods. Aaland skriv "Det er likt til at kvart slag gods låg for seg. I 1650-åra var tre bruk berre prestebolsgods, to bruk berre bondegods, men i sjette bruket (berre 1/2 pd) var 1/3 prestebolsgods og 2/3 bondegods. I 1683 er bruka skipa slik at prestebolet åtte 1 pd. i kvart av dei fire halvlaupsbruka, og av dei to pundsbruka var det eine heilt prestebolsgods; de andre åtte prestebolet halva av. Prestebolsgodset er no løyst." (Aaland II s 89)
02. Endre Steinarson
Endre var fødd ikring 1570 og var d. før 1626. Me veit at han var brukar på garden frå før 1602 til 1624.
Endre var gift to gongar. Den fyrste kona veit me ikkje namnet på. Den andre kona var Kari Rasmusdotter. Kari var ei gammal kone då ho i 1651 er med i ei odelstrette. Meir om denne striden nedanfor.
Aaland skriv at det var ringt med Kari. Ho pantsette 1/2 pund odelsgods i 1636 til borgar Jens Bloch. I 1652 var ho skuldig landskuld for prestebolsgodset i bruket sidan 1636. 1/2 laup prestebolsgods vart då bygsla til grannane.
Endre fekk:
a) Håvard Endreson, f. ikring 1626. Håvard blei på bruket.
b) Inga Endredotter Kvamme, vart gift med Anders Rasmusson (Tungøyna) på Aaberg. (??)
"I 1602 var garden tre, i 1606 fem og i 1640-åra seks bruk. Dei fem var jamnstore = 1/2 l., og eitt var berre 1/2 pd. I 1670-åra vart det miste bruket lagt attåt eit av dei andre, og så vart det kløyvt i to jamnstore bruk." (Aaland II s 89)
Åsætestrid i 1651
Jakob Aaland fortel:
”I 1651 var her ein heit strid om åsæte til ½ laup. Det året klaga enkja Kari Rasmusd. til lensherre Ove Bielke over at Oluf Olson tok ifrå henne ½ laup prestebolsgods, som ho var nærast å bruke. Ove Bielke baud foten å få ende på striden anten ved semje eller dom, så ho fekk sin rett, men kunne ikkje det la seg gjere, fekk saka stå ut til dess han sjølv kom til Nordfjord.
Av Kari sitt prov får ein vete at Steinar, faren åt mannen hennar, rudde garden og budde her si livstid, og han sette dei to sønene sine, Lasse og Endre, på garden etter seg. Endre var mannen hennar. Da han døde, tok ein framand mann, Oluf Olson, ½ l. prestebolsgods, som ho og sonen Håvard Endresen tyktest nærast til å bruke, frå henne, så ho hadde berre ½ pd. att.
Hertil svara Oluf og prova at Håvard sin far, og sidan mora hans, hadde brukt godset i mange år, men då ho av armod ikkje vann å svare landskyld og andre utreidsler, bygsla presten P. Gjebleson godset til grannane hennar på garden. Sidan vart godset bygsla til Eirik Simonson, som budde der på si levetid, og så fekk Kari sin stykson, Anders Endreson, som var gift med Eirik si enkje, bygsle godset, og han óg hadde det si levetid, og så vart enkja gift att med Simon Pederson som óg hadde bruket si levetid. Så vart enkja fjerde gong gift med Ola Olson, som fekk bygsle godset med presten (i 1647), og som no (i 1651) var brukar.
Oluf sitt prov vart stadfest av tre vitner, og Oluf Olson vart difor tildømd godset til bruks.
Enno stogga ikkje striden, men i 1656 vart Oluf og håvard samde slik at Håvard fekk bruke ½ pd. prestebolsgods imot at Håvard betalte Oluf att 1 rdl. som Oluf for fire år la ut i bygsel for godset.” (Aaland II s 89-90)
I 1659 finn me ein åstedssak mellom Kvamme og Rustøen om ein slotteteig.
03. Håvard Endreson
Håvard var fødd ikring 1626.
Han vart far til:
a) Ola Håvardson, fødd ikring 1665. Ola vart gift med Anne Rasmusdotter. Ola og Anne overtok bruket, meir om dei seinare.
Håvard var brukar før 1656. Han brukar før 1656 1 1/4 pund. I 1673 bruka han 18 mark, sidan 22 1/2 mark.
I 1626 var landskulda 2 1/2 l. Garden hadde "temmelig avling". Det var mange luteigarar og dei fire brukarane hadde "ringe formue".
I 1657 var fodnaden på heile garden 1 hest, 52 kyr, 53 sauer og 27 geiter. I 1667 5 hestar og 46 kyr. Avlinga var 34 tunner havre.
I 1661 hadde garden tre kverner.
Det vart semje mellom Håvard og grannen Ola Olsson på bruk 3 om 1/2 pund prestebolsgods som Håvard skulle bruke mot å svare Ola 1 riksdalar av dei bygslepengane han la ut for fire år sidan.
I 1653 vart avteke 2 1/4 pund - derav 1 1/4 pund av prestebolsgodset og 1 pund av bondegodset. I 1672 vart pålagt 1/2 laup.
04. Ola Håvardson
Ola vart fødd ikring 1665 og han døydde etter 1739. Kona var Anne Rasmusdotter, og ho døydde ikring 1737.
Jakob Aaland har vist bumerket til Ola.
Ola og Anne fekk:
a) Håvard Olson, fødd ikring 1713. Han vart gift med Synnøve Ellingsdotter Mykløy. Dei overtok bruket, sjå meir seinare.
Ola var brukar før 1692. I 1693 bygsla han 16 mark i For. Ny bygsel 1719. Brukte i alt 1 pund 15 1/2 mark i Kvamme og 13 2/3 mark i For.
I 1723 ville matrikkelnemnda ta av 12 mark av di garden - særleg i 1715 - leid skade av elvabrot og fonnlaup.
I 1723 var fodnaden på heile garden 5 hestar, 29 kyr, 31 sauer og 31 geiter. Avlinga var 25 tunner havre og 10 tunner bygg.
Qvame - i sjeleregister 1777-78
I sjeleregisteret (prestens folketeljing) ikring 1777 finn me brukarane på Kvamme (eller "Qvame" som dei då skriev det).
Ingebricht Olsen
Marcus Ingebrichts 24 aar confirm
Dorthe Ingebrichtsd. 26 aar confirm
Birthe Ingebrichtsd. 19 aar confirm
Kari Ingebrichtsd. 12 aar
Anders Andersen 18 aar confirm
Syneve Andersd. 20 aar confirm
Villum Villums.
Christopher Villums. 28 (?) aar confirm
05. Håvard Olsson Kvamme
Håvard var fødd ikring 1713. Han døydde 72 år gamal i august 1785. Han vart jordfesta 28/8/1785.
Håvard vart gift med Synnøve Ellingsdotter Mykløy. Ho var fødd ikring 1713 og døydde 49 år gamal i 1762. Ho vart jordfesta 24/10/1762. Skiftet etter henne, 26/10/1762, er på 5 store tettskrevne sider.
Håvard og Synnøve fekk desse borna:
a) Anders Håvardson, fødd omlag 1737. Anders overtok bruket - sjå neste bolk.
b) Ole Håvardson, f. 17/2/1751.
c) Berent Håvardson, fødd 29/01/1754 og døydde ugift 30 år gamal i august 1785. Berent og faren døydde omlag samstundes.
d) Dorte Håvardsdotter. Ho vart gift 1.12.1771 med soldat Johaannes Erichson Aabrekk på perbruket på Aabrekk.
e) Synneve Håvardsdotter fødd 14.3.1757 ??
f) Synneve Håvardsdotter, fødd 5.6.1760 ??
Håvardplassen
Inge Melkevoll skriv: "Denne plassen låg under Nigard og Håvard var truleg ein av sønene på bruket. Ein kan enno sjå kvar husa stod. Han hadde både stove og fjøs pluss ei utmarkslade med plass til omlag 20 høybørar. Håvard-slåtten, Håvardteigen og Håvardsteinen er namn som minner om denne plassemannen.
Plassen vart nedlagt så tidleg at ingen veit kvar folket her vart av, men det er rimeleg at også desse har funne vegen til Amerika.
I Utogned fortel dei:
Husa låg ovanfor der Ingebrigthusa er no. Håvardnamn: Håvaledet. Håvaslåtten var truleg ein skogaslått som høyrde til plassen.
Nokre notat:
• Haaver Olsen Qvamme nemnast som cautionist 5.12.1750
• Berent Qvame nemnast som fadder 4.9.1773 og 15.5.1778 - men det kan vere ein tidlegare Berent
• Synneve Ellingsdotter nemnast som fadder 9.11.1754.
• Dorte Håvardsdotter Qvame nemnast som faddder 13.2.1765 og 9.8.1766.
• I 1757 og 1769 var det åstedssaker mot Åberg om féhamna og merkeskila
06. Anders Håvardson
Anders døydde 57 år gamal i 1794, og han er etter dette føddd ikring 1737. Han vart gravlagd 30.3.1794.
21.11.1765 gifta Anders seg med Agnethe Andersdotter Ulvedal, dotter av Anders Eirikson Ulvedal og Jartrud Villumsdottter Øyestad. Ho var frå Ivarbruket på Ulvedal. Agnethe vart føddd ikring 1740 og ho døydde 83 år gamal i 1824.
Anders nemnast som brukar på Kvamme i 1763. I 1790 fornyast bygsla. I kyrkjeboka nemnast han som soldat i 1765.
Anders og Agnethe fekk desse borna
a) Synnøve, fødd 23.03.1767. Ho vart gift med Kristen Halsteinson Myklebust.
b) Anders Anderson fødd 3.1.1770. Han vart gift med Kristi Halsteinsdotter Myklebust. Dei overtok bruket, sjå neste bolk.
c) Håvard Anderson, fødd 4.9.1773
Stikkord
• Anders fødd 19.9.1777. I kyrkjeboka står Synneve som Anders si mor. Anders vart gift med Ingeborg Davidsdotter Åberg, fødd 22.7.1804. Ingeborg var dotter til David J.Åberg og Mari Ingebriktsdotter Yri/Åberg/Kvamme. Maris foreldre var Ingebrikt Yri og Anna Simensdotter. Mari gifta seg sidan med Ole Rasmusson Kvamme - og Ingeborg vart soleis jordajente på bruket.
• Ingrid har notert: Dordei (fadder til Rasmus i Sjur og til Anders, f. 3.1.1770) ?? Dette er vel ei frå førre generasjon?
• Anders Hoverson Qvamme nemnast ssom fadder 4.4.1760 og 13.2.1765. Er dette denne Anders’en?
• Agnethe Qvame nemnast som fadder 21.10.1767, 20.8.1768, 17.5.1772, 23.8.1772, 27.11.1774, 24.7.1774, 4.12.1774, 26.10.1784 og 6.1.1800.
• Kvifor kalla dei opp Anders før Håvard?
07. Anders Andersson
Anders er fødd 3.1.1770 og han døydde i 1838 - 75 år gamal (?).
20.10.1799 gifta Anders seg med Christi Halsteinsdotter Myklebust.
I 1800 bygsla Anders bruket som mora Agnete sa opp.
Anders og Christi fekk desse borna.
a) Agnethe, fødd «uægte» 21.01.1794. Ho gifta seg med Jakob Rasmusson Kvamme. Dei overtok bruket, sjå seinare.
b) Martha Andersdotter fødd 9.8.1800.
c) Anders Andersson, fødd 7.8.1801.
d) Anna Andersdotter, fødd 20.1.1805.
e) Synnøve Andersdotter, fødd januar 1807.
f) Christi, fødd 31.5.1812.
Folketeljing 1801
I denne folketeljinga ser vi kven som var i huslyden til Anders og Christi:
Anders Andersson
husbonde
31 år
1. ekteskap
Bonde og gårdbeboer
Christi Halstensdatter
hans kone
32 år
1. ekteskap
Agnethe Andersdatter
deres barn
8 år
ugift
Marthe Andersdatter
deres barn
1 år
ugift
Agnethe Andersdatter
husbonds mor
58 år
enke efter 1. ekteskap
inderste
Haaver Andersen
hendes søn
28 år
ugift
nat. soldat
Anders Andersen
hendes søn
24 år
ugift
nat. soldat
Anna Halstensdatter
tjenestejente
29 år
ugift
Stikkord
• I Ingrid sine notatar står: Born: a) Anders, d. 32 år gamal i 1832, gm Ingeborg Åberg (Utigard, Kvamme) (Ho var nok ikkje gift med far til Anders, slik J.Aa. skriv. ) Dotter til Anders og Ingeborg - Dårte - vart gift med Anders Rasmusson Aabrekk, «gamle Nygården», som var lærar i Blaksæter. b) Agnet gm Jakob Rasmusson i Utigard. Sidan flytta dei inn i Utigard og tok over garden der. Ingeborg flytta ut til Utigard. Mari, mor til Ingeborg, vart oppattgift med Ola Kvamme (Utigard).
• Da Anders døydde (1832) flytta Ingeborg tilbake til Utigard.
• Kvifor nemnast ikkje Anders Andersson (f 7.8.1801) i folketeljinga for 180?
• Anders Andersson Qvame nemnast som cautionist 24.10.1802, 2.12.1809. Han nemnast som fadder 31.7.1790, 22.11.1795, 15.5.1806, 4.2.1810 og 8.3.1812. Er dette den aktuelle Anders’en?
• «Nigardsbruket var den tid kalla Håvardbruket. I Aalandsboka står Håvardbruket for Utigard. Det kjem vel av at brukarane i Nigard og Utigard ein gong bbytte gardar. Det er ikkje nokon som kan fastslå når dette hende, men alt tyder på at det var i 1830-åra. Ei jente frå Utigard gifta seg med odelsguten i Nigard, og ei jente frå Nigard gifta seg til Utigard. På ein av plassane var det dårlege forhold mellom svigermor og svigerdotter. Dei bytte difor gardar slik at begge ungkonene fekk vere med si eiga mor. Så vart altså Agnet gjorda-jente, og mannen hennar var Jakob frå Utigard.» (Frå særoppgåve om «farsslekta mi», 2)
• Agnet og Jakob «budde fyrst i Utigard. Sidan flytte dei inn i Nigard, og tok over garden der. Anders, bror til Agnet, og kna Ingeborg flytta til Utigard. Mari, mor til Ingeborg, vart oppattgift med Ola Kvamme (Utigard).» (Frå særoppgåve om «Farsslekta mi», 4)
• Kven fekk Ola Knutson Melkevoll bruket av? Han vart brukar i 1833 og gifta seg med enka Ingeborg. Det var Utigard han fekk.
• «Den fyrste kona som ein kan hugsa vart gift til Aaberg, heitte Ingeborg og var frå Aljeld - Olden. Ho vart gift med ein som heitte Jakob. Farsnamnet hans er ukjent. (Ho Ingeborg var gamlekona - karkona - på Aaberg då Randi Kvamme - som seinare vart gift til Aaberg - var barn på Kvame. Og ho Randi var fødd 1810). Elste sonen til Ingeborg og Jakob heitte Dåve. Han fekk kona si frå Yri og ho heitte Mari. Dei fekk ei dotter. Men Dåve døyde tidleg, (32 år g. 1804), og broren Rasmus var det som fekk garden. Enkja etter Dåve - med dotttri - flytte til Utigard på Kvamme. I staden fekk Rasmus kona si frå Utigard på Kvamme, ho heitte Alet. Dåve og Rasmus hadde fleire sysken.» (Avskrift av notater ved Rasmus Aaberg - notater i ei bok Jakob Aaberg viste fram 31.12.1986. Jakob Aaberg seier at kjelda til Rasmus Aaberg var «Andrina i Briksdala», Alets stedatter.)
• Randi nemnt i kyrkjeboka 7.2.1811.
• Ingeborg reiste til Utigard.
• Det seiast at Rasmus og Susannas skåp står i Utigard, dei var foreldre til Jakob.
• Ingeborg Davidsdotter budde i Utigard ved folketeljinga i 1875.
Utigard
Nigard
Rasmus Mathiasson
gm Susanna Fredriksdotter
- Ole Rasmusson f 1778
- Jakob Rasmusson f 1790
Aders Håvarddson
gm Agnethe Andersdotter Ulvedal
- Anders Andersson f 1770
- Anders Andersson f 1777
Ole Rasmusson f. 1778
gm Mari Ingebriktsdotter Yri
- Ingeborg Davidsdotter
Byta ->
<- Byta
Anders Andersson Kvamme f 1770
gm Kristi Halsteinsdottter Myklebust
- Agnethe Andersdotter f 1794
Jakob Rasmusson f 1790
gm Agnethe Andersdotter Kvamme f 1794
- Anders Jakobson
Ole Rasmusson
gm Mari Ingebriktsdotter Yri
- Ingeborg Davidsdotter
Agnethe Andersdotter Kvamme
gm Eirik Ellingson Vollset
Ingeborg Davidsdotter
gm 1 Anders Andersson f 1777
gm 2 Ola Knutson Melkevoll
- Knut Olsson
Anders Jakobson Kvamme
gm Helene Andersdotter Muri
Knut Olsson
08: Jakob Rasmusson Kvamme
Agnethe Andersdotter - eldste dotter til Anders Andersson Kvamme og Christi Halsteinsdotter Myklebust - gifta seg med Jakob Rasmusson Kvamme. Han var son til Rasmus Mattison Eide og Susanna Fredriksdotter Kvamme (i Nigard).
Jakob vart fødd 31.7.1790. Skiftet er dagfest 13.10.1840. Jakob var - etter Aaland - 46 år då han kom bort. Aaland fortel at Jakob drukna i Løndafjorden og at han ikkje vart attfunnen.
Jakob var brukar 1830.
Agnethe vart fødd 21.1.1794 og døydde 53 år gamal i 1847. Etter at Jakob døydde gifta Agnethe seg med Eirik Ellingson Vollset, sjå neste brukar.
Agnethe og Jakob fekk:
a) Anders Jakobson gm Helene Andersdotter Muri. Dei overtok bruket, sjå under.
b) Anders Jakobson. Han reiste til Bergen og vart kalla «By-Anders». Var befal.
c) Rasmus Jakobson gm Brita Andersdotter Muri, frå Halsteinsbruket.
d) Kristian Jakobson Kvamme - Løken. Gm Brite Olsdotter Kvamme. Dei kjøpte gard på Løken.
Notater:
• Jakob var fødd 31.7.1790 og var yngste bror til forrige brukar; Ola Rasmusson ??
• Det er uklårt kvifor Jakob overtok bruket, eller ... ?
• J.Aaland skriv at Jakob døydde i 1840, 46 år gamal. Dette passer ikkje med fødselsdatoen eg har funne.
09. Eirik Ellingson Vollset
Erik vart fødd 18.7.1811. foreldra var Elling voldsæther og Bertha Erichssdotter. Eirik gifta seg med enka Agnethe. Han er nemnd som brukar i 1841. Kårbrev til Eirik og Agnethe vart skriven ut i 1841. Eirik døydde 45 år gamal i 1857.
Agnethe var føddd 21.10.1794 og døydde 53 år gamal i 1847.
Daglegliv sist på 1800-talet
«Litt om Garden Kvamme, og arbeidet og levemåten der i slutten av 1800-talet» - ei skildring laga av Jorun Margrete Kvamme då ho gjekk i 8. klasse (1974).
Hennar kjelder var mellom anna Fredrik Kvame (Utogne-bruket), Markus Kvame (Ingebriktbruket) og Borghild og Brite Myklebust.
Husa var mange og små - i alt ca 35, pluss husa til to plassemenn. Alle husa låg i eit tun - Ingebrikt, Utigard, Sjur og Nigard. Dei var plasserte frå Utigardshaugen til innom noverande Sjur huset. Utånede var der det er no.
Kvar mann hadde daglegstove, nystove, matstove og stabur, eldhus, kufjøs og løe. Den eiene delen var til sauer og geiter, den andre til stall og grisehus. I Nigard hadde dei stallen i nystove-kjellaren. Når merra fekk føl, hadde dei henne i daglegstovekjellaren, for der var betre plass.
Daglegstovane hadde stove, kove og gong. i koven budde kårfolket, og i stova budde dei andre. Der stod alle sengane. Sjølvfolket og borna låg der. Ungdomen låg på fjøslemen. Jentene hadde eine enden, og gutane den andre. i nokre av husa var det vindauge med blyinnfattning.
Omnane var mura opp av gråstein og leire. Det var open varme. Der var ikkje skorstein, så røyken gjekk ut i stova og opp gjennom ”ljoren”, eit vindauge i taket som ein kan løfta opp med ein tjukk stokk. Denne var fest i vindauget, og gjekk ned på beten.
I stovane var det to betar som gjekk på tvers over stova, - ein ved vindauget, og ein ved døra. Husa var låge, og dei måtte bøye seg ned for å gå under betane. Det var låge dører med klink i. Vindauga var små, med 6 ruter i kvart.
I stova var det langbord med benkar til. I matstova kokte dei maten om sommaren. Der bakte dei flatbrød og brygga øl. Kister og klede oppbevarte dei i nystova. Sengetyet hekk på trebjelkar under taket. På nystovehemsen var det spekekjøt og spekeflesk. Dessutan hadde dei alle kornbørane der oppe.
Eldhuset vart nytta til tørking av korn. Der hadde dei tørkehella. Ved sida av desse husa hadde dei og kvernhus. Dei hadde kvar sitt som stod ved elva.
Dei hadde ikkje madrasser i sengane, men dei var fyllte med halm. Sengetyet var heimelaga ullteppe (kvitlær), og napperyer. Når dei skulle ordne til sengane så dei vart mjuke, rista dei opp halmen, og då vart det fullt av støv i rommet.
Arbeidsdagen byrja ofte i 6-tida om morgonen. Fyrst åt dei frukost. Det var potetkaker og surmjølk (skjør). Så gjekk konene og tenestejentene (ternene) i fjøset. Mjølkebyttene og dei andre var heimelaga. Det var trebytter laga av oppståande bord med 2-3 band rundt. Handtaket var og av tre-kjølp og klure.
Ein del var byrja med surho-bing. Men det meste av foret var tørka høy og halm. Høyet delte dei opp i våndlar. Dei tulla godt saman ein våndel. Så drog dei litt høy ut av stålet medan dei snurra det rundt. Det vart eit godt band, og dei tulla det rundt våndlane. Halmen hadde dei i bytter og slo varmt vatn over. Så stod det til det vart mjukt. Høytredet vart blanda saman med varmt vatn og litt avfall frå oppvask og matrestar. Dette var god mat for grisen.
Kl. 9 åt dei att. Det var spekekjøt, spekeflesk og flatbrød. Ved sida av drakk dei ”skjør”. Kl. 12 var det middag. Då åt dei graut av heimeavla mjøl. Grauten var kokt på vatn. Somme brukte å strø litt mjøl på grauten når han var ferdig. Dei sa at dei ”bia” betre på maten då. Truleg vart han litt tyngre å fordøye, så dei vart ikkje så snart svoltne igjen. Kl. 4 åt dei spekesild, poteter og flatbrød. Til kvelds åt dei graut.
Flatbrødet vart baka av havremjøl som var dyrka og mele på garden. Det vart elta saman med vatn. Bakstehella låg på steinar på gruva. Under hella fyrde dei med ved og ris. Brødet kjevla dei ut på bordet.
Om vinteren hadde konene og ternene arbeid med å spinne og veve. Når sauene kom frå skogen vart dei vaska, og deretter klipte. Ulla skulle dei spinne opp til jul. Denne ulla vart kalla langulla. borna måtte ofte karde tullane. Først måtte ulla kardast fin og jamn, så laga dei fine, tynne tullar. Dei vaksne sat ved rokken. Det var ikkje så enkelt å lære å spinne. Tråden skulle vere tynn og jamn. Ein del av tråden skulle tvinnast.
I julegjesteboda var det skikk og bruk at gjesten skulle få sjå seg rundt. Dei såg på kor mykje ein hadde klart å spinne og veve. Alt var oppstilt i nystova. Ullteppa var opphengde på stenger under taket. Litt lenger bak på veggen hang stakkane. Dei var pynta med silke og fløyelsband. Di fleire stakkar der var, di gjævare var det. Gjestene fekk gå rundt og sjå kor mykje kjøt og flesk dei hadde.
Etter jul, kring 20. dag, skulle sauane klippast att. Det var kortulla. Tenestejentene fekk ei viss mengd ull, så dei kunne få veve og spinne til seg sjølve.
Kleda dei brukte var sydde av heimeveve ty. Kvinnene gjekk med side stakkar, gjerne 2 – 3 om gongen og heimespøta sokkar. Skorne dei brukte var og hemelaga. Stundom var det ein skomakar som reiste rundt i heimane og laga sko. Då budde han i heimen så lenge han hadde arbeid. Det var grove skor av heimebarka lær – plugga skor (pinna). Dei sette solen på overdelen med små trespikarar. Plagga var firkanta med knytt faks. Dei var laga av ull. Men dei finaste var av silke. Småjentene hadde plagg med fleire fargar i.
Karane gjekk med klede av vadmel. Undertyet var av enskjeft. Dei brukte ofte tetta sokkeband. Desse feste dei nedanfor kne, så det kunne halde oppe buksa. Då vart det lettare å gå, tykte dei.
Om vinteren dreiv mannfolka mykje med innearbeid. Dei laga river og økseskaft, og reparerte andre reidskapar som skulle brukast om sommaren. I stova stod bandeknakkane. Banda laga dei av hassel. ei kløyvde hasselbuskane og bunta dei pent saman. Mykje av det sende dei til Bergen. Dei vart nytta til tynneband.
Karane måtte og syte for at høyet kom i hus. Det var høy som vart oppbevart i skogsløene. å vegen gjekk dei ofte og song. Rasmus Høgalmen kan fortelja at når Høgalm’-karane bar høyet heim, kunne dei høyre at Kvams-karane song.
Det første vårarbeidet var å rydje. Då raka dei i hop alt lauv og kvister. Kvamme var oppdelt i mange små teigar. Kvar mann åtte ein bit her og ein der. Den minste teigen var vel ”Hestesprengen”. Han var knapt så lang som hesten + plog i kvar kant. Den beste jorda hadde dei som åker. Åkrane var ofte så små at dei pløygde fleire teigar i saman. Så grov dei merka ned før dei sådde. Etterpå horva dei over åkrane. Somme var så redde for hestane at dei sette kvinnfolka til å dra horva.
Det siste dei gjorde om våren var å binde hesjar. Det var små og låge hesjar med liten avstand mellom kvar staur. Dei hadde ikkje streng, men brukte trodehesjar. Dei feste troder på dei andre staurane. Til å binde dei fast med vart det brukt tynne greiner av bjørk. på Kvamme voks det ikkje så mykje bjørk, og dei måtte gå heilt fram på stranda for å få tak i det.
Kvamarane hadde mange slåtteteiger i skogen og høgt oppe i fjellet. Det vart ikkje alltid så mykje høy samanlikna med det arbeidet som vart nedlagt. Dagen før dei skulle til fjells måtte dei slipe opp ein heil del ljår. Dei batt ljårne saman i eit knippe og tok det på ryggen. Ved sida av dette tok dei med seg børatau. På midten av tauet var det festa ei hogd av tre.
Mennene gjekk tidleg til fjells så dei kunne slå før dogga gjekk ut av graset. Konene kom seinare med river og maten. Grauten bar dei i ein treamber. Setrejentene kom med skjør. Mennene bar prinse med flesk, kjøt, flatbrød og røykt sild. Nokre av teigane lag høgt oppe. Nigar hadde ein fjellslott som låg svært høgt oppe. Dei brukte tre timar på å gå opp. Det blir fortalt at oldefar min, Jakob Andersson Kvamme overnatta der oppe under ein heller natta før han fylte 75 år. Det var i 1923.
Var veret godt kunne dei ofte få det tørt på bakken. Då ”kverva” dei det. Når høyet var tørt raka dei det fint i ”fenge”. Så skulle det leggjast i ”børa”. Det var ein kunst å lage gode ”børar” som var beine og heldt godt saman. Dei la tauet på marka, sette endane på hogda litt ned i jorda og la fengene på tauet. Høyet bar dei til skogsløane.
Dersom isen var sterk reiste dei nokon frå kvar heim. Dei brukte hest og slede. På sleden la dei godt med halm og teppe. Dersom isen var for tynn til å køyre på, brukte dei skøyter. Konene gjekk på skeiser i stakkar. Om sommaren rodde dei i sekskeiping eller firerøring. I den tid var Daleelvsanden så liten at der var bein retning frå Kvamsland til Rustøyland. Såleis kunne dei rope til kvarandre dersom dei hadde plassar til gode i båtane.
Når dei kom til Eide, gjekk mange av kyrkjefolka inn i stova til Petter Synnøve. Det var ei plassmanns-stove på 12 m2. Dei andre sat ved vatnet. Der åt dei nista si. Som oftast åt dei potetkaker med sveler (??) på. Der hadde dei på seg kyrkjekleda. Så gjekk dei resten av vegen.
I den tid var det mykje bryllaup. grunnen var at det var så mange som gifte seg to gongar. Bryllaupet varte opp til ei veke – brullaupsafta, bryllaupsdag og skåledagen. Dei andre hugsar dei ikkje namnet på. Siste måltidet åt dei flesk og kake. Det gjekk med mykje fisk. Ofte vart det kjøpt 2 – 3 tynner. Ved sida av fisken åt dei poteter, flatbrød og mjølkesuppe. Ein dag åt dei rømmegraut, og ein anna klubb og kjøt. Vafler, sveeler og potetkaker vart og brukt. Dei hadde brød som var steikt i oppmura omnar. Når brødet skulle steikast fyrte dei godt i omnen. Steinane vart då varme, og etter at dei hadde kara ut glørne, sette dei inn brødet. Til gjær brukte dei kveik. Det var ”botnefall” når dei bryggaa.
Alle brygga til bryllaupsdagen. Det vart skjenkt i store bollar. Alle drakk av same bollen. Ved frukostbordet gjekk verten rundt med morgondrammen. Den slo dei av ei grepflaske. Dei slo ølet i ein tomling, og alle drakk. Markus Kvamme har fleire sølvtomlingar. På den eine står det GADK. Den er frå 1863.
I bryllaupa var heile grenda og slekta samla. Dei eldste fekk gå til bords først, og ungdomen etterpå. Til talerkenar brukte dei "”boøska". Skeiene var heimelaga horn- eller treskeier. Knivar hadde alle med seg, så det var lettvint å vaske opp.
I hushaldet til vanleg hadde dei si eiga skei. Etter bruk sleikte dei henne godt og hengde henne opp på veggen.
Når dei skulle til kyrkje, sat spelemannen i første båten, som var ”brura-båten”. Brura hadde krune, men ei kvinne kunne ikkje bere krune meir enn ein gong.Dersom ho gifte seg opp att, brukte ho svart silkeplagg. Ned bygda køyrde spelemannen med første hest. Så kom brudeparet med andre hest. Spelemannen spelte fele til underhaldning og dans, heile bryllaupet. Det blir fortalt at ein frå Høgalmen spelte samanhengande i tre veker. (Han hadde vore i tre bryllaup).
I barnedåpen skulle barnet innpakkast i eit særskilt ”krisnaråkled” (henta-åkled). Det var vevd av raud og svart tråd. Dåpskjole hadde dei ikkje. Hjå Markus kvamme har dei alt utstyret til krisnarkle” som vart brukt den gongen. Det er eit raudt kledestykke, tilsmykka med perler, og med kvit kappe rundt. Det skulle leggast opp på dåpsbarnet. Like eins var det hue med perler og kvit kappe.
Når dei skulle på skulen, var det omgangsskule rundt om i heimane. Var elva lita, måtte dei gå på styltrer, for der var ikkje bru. Når elva var stor måtte dei ro frå Kvamsland til Rustøyland. Markus hugsar at dei rodde heilt inn til Utånedhusa fordi vatnet var stort. Då var det kome ei hengebru over elva, men elva var så stor at dei kunne ikkje bruke brua.
Kyrne og grisane hadde dei på setra om sommaren. Somme purker fekk til og med grisungar når dei var der oppe. Mjølka sila dei i tresil med eit hol i midten. I det holet laga dei eit ”silår” av kuhale. Så slo dei mjølka opp i lagga asker. Det stod i eit skap til det vart surmmjølk med rømme på. Rømmen fløytte dei av og kjerna det til smør i ei kinne. Geitemjølka kokte dei opp og tok av ”flågga”. Det brukte dei til smør. Det vart til smør ved at dei rørde det med ei ”tvåre”.
Når kornet skulle haustast vart det skore med sigd. Det var ein liten bøygd ljå med kort skaft. Dei la det i rader på åkeren. Etterpå laga dei bendlar. Då tok dei nokre kornstrå og laga ein ”snurr” i toppen, delte den andre enden i to og knytte det rundt ein bunt med kornstrå til eit band. Desse vart sette opp på lange, tjukke staurar som var sette fast i åkeren. Der skulle dei henge til tørk. Når dei skulle bere kornet inn tok dei stauren over skuldra og bar det inn. Dei la kornbanda laust utover golvet og slo med ein stav. I staven var det festa eit tau med eit trestykke i. Då datt kornet av. Det kalla dei ei tuste. Når kornet var tørka på hella, bar dei det til kverna og mol det.”
10. Anders Jakobson Kvamme
Anders vart fødd ikring 1823. han døydde 77 år gamal i 1900. Han vart gift med Helene Andersdotter Muri. Ho vart fødd ikring 1825 og døydde i 1884, 59 år gamal.
Anders og Helen fekk desse borna:
a) Jakob Andersson gm Eli Lien. Dei overtok bruket - sjå under.
b) Bent Andersson gm Sigrid eide. Dei reiste til Amerika.
c) Andreas Andersson. Andreas fekk ein stor stein over seg då dei slo i Høgeskorane. Han rulla ned i fanget til Ingebrikt-Abraham. Broren Jakob tok han på ryggen, men Andreas døydde på veg heim.
d) Anders Andersson. Drog til Amerika. Ugift.
e) Ola Andersson. Drog til Amerika. Ugift.
f) Agnet Andersdotter gm. Ola Fredrikson Kvamme Utåne).
Anders bygsla garden i 1843.
I 1868 var fodnaden på heile Kvamme 5 hestar, 72 kyr, 136 sauer, 51 geiter og 5 grisar. 3 av desse grisane var Anders sine. Avlinga var 74 tunner havre, 69 tunner bygg, 75 tunner poteter og 4134 v.h. (??).
I Folketeljinga den 31.12.1875 finn me at Anders då hadde 1 hest, 1 okse, 8 kyr, 5 ungnaut/kalver, 24 får/lam, 12 geiter/kje og 3 griser. Udsæden dette året var 1 ½ tønner bygg, 3 tønner havre og 3 tønner poteter.
I Panteregisteret nemnast eit «Bytebrev» til Anders Jakobson, datert 7.1.1843 og tinglyst 13.6.1843. I 1871 vert «Kvammes Oppsiddere» samde om «Fordelingen af Korntiende til Prst og Kirke. I 1885 vart det skriven kontrakt om veg mellom Rustøen og Briksdal og om «Elveforbygning» i Oldeelva.
Gamle teikn
På ei gamal kasse fann dei desse bokstavane OISK 1819
AJSK 1855 X
CJL (?)
Det er nok Anders sine initialer som er skrivne i 1855. Kanhende er «X» eit enkelt bumerke som han har bruka?
Inge Melkevoll skriv:
«Denne låg ved sida av Håvardplassen. Elias var frå Knutebruket på Aabrekk og han gifte seg med ei frå Faleide. Dei to bygsla denne plassen under Utåne-bruket. Plassen kunne føde opptil tre kyr, 4-5 sau og 6-7 geiter. Elias fekk mange born: Anders, Johan, Andreas, Marie og Jartrud. Det var sjølvsagt vanskeleg å greie seg med så mange born og nokre måtte bu hos andre når det vart så store at dei kunne hjelpe til litt.
Det vert fortalt om Johan at han var i Nils’ ei tid. Kveldsmaten var til vanleg graut, og då åt han så mykje at han på resten måtte stappe ned grauten med figeren.
Etter omlag 20 års drift la Elias ned plassen i 11905. Han kjøpte gard i Falkevika i Allmenningen og flytte dit.»
I Utogned kan dei fortelja at kona til Elias heitte Rakel. Borna var Johan, Anders, Andreas, Berge, Gjertrud, Edvin og Malene.
Inge Melkevoll skriv vidare: «Det var nok minst ein plass til på Kvame. Ein Ola-Vilkje-Ola skulle vere frå ein plass som enten låg under Nigard eller Utigard. Ola var underofffiser og busette<seg til slutt i Bergen. Far og bror til Ola omkom i Kvamsmarka ein dag dei var der og slo. Medan dei låg og kvilte middag kom det stein frå fjellet og slo begge i hel. Etter namnet til sonen å dømme heitte nok faren Ola. Dette kan stemme med at Ola-Vilkje-Ola hadde ei syster som heitte Barbro Olsdotter. Barbro var fødd 1836 og gifte seg med Rasmus Rasmusson Åberg som seinare overtok Beinesnesett.»
I Utogned kan dei fortelje at Ola, vesle Ola heitte Ole Olsson Kvamme, fødd 4.1.1842. Dei antar at plassen låg under Utigard-bruket. dei har eit notat frå ein av etterkommarane etter Ola. Ho skriv at det var foreldra til Ola som vart drepne.
Åstedssak 1865
Åstedssak 23 - Mot Eide angående en kverndam i mundingen av Oldevatnet. Henvist 6.11.1865. Innvik forliksprotokoll nr. 3, folio 182b.
Aar 1865 den 6de November holdtes Forligelses-
commisjon paa Indvigens Fogdegaaard af For-
ligelses …. Ole Langve og ….
Valdemar A. Lyslo.
…. foreliger til Behandling. –
1. Jørgen Andersen Qvame og Elling Andersen
Møkløen mot Mathias Rasmussen Eide
i Anledning af at Indstemte skal have
opført en Kværndam i Mundingen af Olde-
vandet, der skal foraarsage Oversvømmelse
for de ovenfor Oldevandet beliggende Gaarder.
Stemning blev fremlagt i forkyndt Stand
og Parterne mødte personlig.
….
….
Denne saka vart førd vidare neste år. Sjå Ekstrarettsprotokoll for Nordfjord (Sivile og offentlege saker) 1863-74, folio 69 –72.
11. Jakob Andersson Kvamme
Jakob vart fødd omkring 1848. Han døydde 85 år gamal i 1933. Jakob var gift to gongar. Fyrste kona var Eli Kristoffersdotter Lida frå Stryn. Eli vart fødd omkring 1852 og døydde i 1899, 47 år gamal. Skifte etter Eli er tinglysst 21.7.1900. Dei åtte borna fekk kr. 79,49 kvarr, total skiftetakst 2450.-.
Jakob og Eli fekk desse borna:
a) Andrine, fødd 1881. Døydde ugift i 1972. b) Anders Jakobson, fødd 1883. Han var lærarutdanna då han var 9 årr. Gm Andrina Bale frå Sogn. c) Helene Jakobsdotter, fødd 1885. Reiste som tenåring til Amerika. Tente i ein heim der det var tuberkulose, vart sjølv smitta, og døydde få år etter. «HJDK» stod rissa inn på ein bjelke i den gamle lada. d) Kristian Jakobsonn, fødd 15.04.1887. Døydde ung. e) Brithe Jakobssdotter. Gm Jon Jonsen, Bergen. f) Johan Jakobson gm Jenny Reed. Dei overtok bruket. g) Rasmus Jakobson f. 27.4.1895. Gm. Karen, fødd 8.8.1906 i Trondheim. Han arbeidde lenge på Furuly helseheim og ein tid på Rikshospitalet. Vart seinare bademester i Trondheim. h) Elias Jakobson fødd 6.6.1897. Han var gartnar.Arbiedde ei tid hjå Singer i Olden. Var helseveik, nyra svikta og han døydde på Haukeland sjukehus.
Den andre kona til Jakob var Rakel Rasmusdottter Auflem. Ho vart fødd omkring 1864. Ho døydde 77 år gamal i 1941.
Rakel og Jakob fekk desse borna: i) Anna Jakobsdotter fødd 26.7.1901. Gm Halvor Homdrom, Vegusdal. Anna har vore sjuk av leddgikt frå før ho var 30 år. Ho låg på Kongsgårdheimen i Kristiansand. j) Robert Jakobson fødd 30.6.1903. Gm Kristianna Breidablikk. Dei busette seg på Frena. k) Hans Jakobson fødd 1.4.1905. Hans var postførar. Gm Synnøve Johannesdotter Sunde (Gytri).
Jakob fekk «Kongeligt Skjøde» på bruket 19.11.1889. Jordavgiften var kr. 1973,20. I 1911 garanterte Jakob og andre for kostnadene ved forbygning av elva Sulkja. I 1912 vart innmarka utskifta. I 1914 vart det bygd nytt fjøs og i 1916 nytt bustadhus. Det var og eit stabbur som vart flytta frå gamletunet.
I 1918 vart «Kvamme Øvre», bnr. 7 skilt ut frå garden. Jakob selde bnr. 7 til sonen Anders. Bruket hadde før dette ein skuld på 3.37 mark.
Lensmannen i Innvik - Hans Faleide - skreiv ut denne oppnevninga: «Opnevnelse. Til at avholde en skylddelningsforretning paa gnr. 17, bnr. 1 Kvamme av skyld 3.37 i Innvik tinglag i anledning av at eieren Jakob Andersen har solgt en parcel av bruket til sønnen lærer Anders Jakobsen Kvamme oppnævnes: 1. gaardbr. Salamon O. Løken 2. gaardbr. Knut O. Brynestad 3. gaardbr. Jakob R. Aaberg. Varamen: 1. gaardbr. Rasmus R. Aabrekke d.d. 2. gaardbr. Rasmus R. Høialmen d.d. For opnævnelsen kr. 1.50 betalt. Innvik lensmannsstillingg 25. sept. 1918. Hans Faleide.»
Folketeljing 3.12.1900
Jacob Andersen
Husfar
g
Gaardbruger
1848
Rakel Rasmusdatter
Husmor
g
Gaardmandskone
1864
Kristian Jacobsen
Søn
ug
Søn
1887
Johan Jacobsen
Søn
ug
Søn
1892
Rasmus Jacobsen
Søn
ug
Søn
1895
Elias Jacobsen
Søn
ug
Søn
1897
Andrine Jacobsdatter
Datter
ug
Do
1881
Helene Jacobsdatter
Datter
ug
Do
1885
Brith Jacobsdattter
Datter
ug
Do
1889
«Udsæd: Ja Kreaturhold: Ja, - heste, kjør, faar, gjeder, svin.
Kjøkkenhave og Frugthave.»
Daglegliv på garden
«Før i tida brukte dei å bryggje øl til dei skulle pløye åkrane om våren. Dei hadde den skikken at dei kom på åkeren med potetkaker og øl når dei hadde arbeidd ei stund etter nonsmaten. Jakob var den fyrste på garden som slutta å brygggje øl til våronna.
Jakob sydde skorne sine sjølv. Ljår som var avbrotne klinka han saman. ljå-stubbar brukte han til barberknivar. Til pennehaldar brukte han ein årekjepp. Han kløyvde eit hakk i enden av kjeppen, og stakk pennen opp gjennom. Jakob hadde ei svært pen handskrift.
Jakob var ”morgon-fugl”. Han stod tidleg opp og byrja å smie bånd. (Det var tynne band laga av hasselved.) Når han vart trøytt og trengde litt kvile, la han seg rett ned på golvet. Bandeknakkane brukte dei å ha i stovene. Like eins vevstolane (gognene).
Den tid brukte dei å slå i utmarka og høgt til fjells. Ein av fjellslåttane var ute på fjellet innanfor Kinuken, litt ovanfor Førekamben. Dagen før Jakob var 75 år, var han der og slo. Det fyrste graset han slo om morgonen kvorva han utover marka til tørk. Då kvelden kom raka han det saman til ei seng. Der sov han natta til 75-års dagen.
Jakob vart enkemann då minstebornet var to år. Andrine, den eldste av dei, var 17.
Jakob var svært glad i merra si. Han leita ut det beste høyet og gav henne. Merra fekk beite på dei beste stadane på bøen. Han gav merra poteter. Dette måtte ikkje Rakel (andre kona) få vite om. Jakob gjekk inn på kjøkenet, tok poteter og fyllte topplua si. Så tok han lua under armen og gjekk ned i kjelleren der stallen var.
På sine gamle dagar hadde Jakob berre ei bestetrøye. Kvar kveld når han hadde vore på møte, gjekk han inn i stallen og brynnte merra. Han la då frå seg bestetrøya i fjøsglaset. Rakel likte ikkje dette så ho vart sint på han. Men Jakob svara berre: ”Eg har prøvd å vere tyrst rg, det har ikkje du."” (Frå særoppgåve om Kvamme)
Utskifting 1913
Garden vart utskifta i 1913.
Kårbrev 1918
Rakel og Jakob fekk kår i 1918. Kårbrevet (eller ein kladd?) ligg i Nigard.
”Kaarbrev
Undertegnede Johan Jakobsen Kvamme forbinder mig herved til av gaarden Kvamme gn. 17 br. 1 i Indvikens tinglag at svare mine foreldre Jakob Andersen og Rakel Rasmusdatter følgende aarlige levekaar:
Føder jeg forsvarlig for dem 2 kjør 8 smaler. Dette antal kan vexles med geder efter forgodtbefindende av kaartageren efter gaarden årlige bruk av samme.
Leverer jeg dem 16 mæler byg, 16 mæler havre top maal samt vel renset og 16 mæler poteter samt 12 kg. flesk.
Forskafer jeg dem hver sit par nye sko, og de gamle repareret samt en sjorte hver til aarlig.
Forskafer jeg dem kjøt og pølse av en voksen smale samt 12 kg. flesk. (Pkt. 4 er stroke over)
Forskafer jeg dem sild og salt til fornøden lud, frit hus lys og brende saa fremt at det er paa bruket, det siste ophuget og bragt til arnestedet, samt tilsyn røgt og pleie saavel i sygdom som i alderdoms tilfelde og efter døden en anstendig begravelse i mot at jeg beholder kaaret med kaarkreaturene. Det bemerkes at kaartageren stilles til fuld raadighet over sideværelse og ark i mit vaaningshus.
Dersom kaartagerne finder det forgodt at gaa til bords med mig skal de foruten fri underholdning have 1 mæl byg 1 mæle havre 6 mæle poteter, samt aarlig bruk av et stykke jord nedenfor laden (14 alen i hver kant) som kjøkenhage. Likeledes høster de frukten av de fire nermest staaende æbletrær til Rasmus eiendom og apalden Sefterholm, samt nermeststaaende bertreder.
Forskafer jeg til min far årlig 2 ½ kg. tobak.
Dersom kaartagerne faaretrekker at fraflytte dette sted for at ta ophold skal der av kaaryderen betales en aarlig sum av kr. 150.oo til hver av kaartagerne og al anden kårydelse bortfalder.
Naar den ene ved døden avgaar bortfalder det halve av kaarydelsen undtagen begge kjøren bibeholdes ogssaa av den sistlevende.
Kvamme de 2den juli 1918 Johan Kvamme
Vidner Ole Kvamme Rasmus Kvamme
I.M. Kvame NB. Tilleg til 1ste post: Ansvaret paa kaarkjørr bæres av kaaryderen hvorimot avfodningen tilfalder kårtagerne.”
12. Johan Edvard Jakobson Kvamme
Fødd 18.02.1892, død 24.06.1972. Johan vart gift med Jenny Jakobsdotter Reed, Breim.
Dei fekk:
a) Jakob, fødd 22.10.1920. Vart gift med Ingrid Sjøtun (Nygård). Dei overtok bruket – sjå nedanfor.
b) Elfrid, fødd 13.2.1924. Gift med Johan Johs. Kvamme, Oldedalen.
c) Jostein, fødd 11.3.1926. Tømmermeister. Gm. Regine Steinsholt.
d) Bjarne, fødd 22.6.1929. Høgskulelektor. Gm. Ragnhild Andersen, Røa. Busett i Stavanger.
e) Roald, fødd 28.5.1932, død 1995 Apotekar. Gift med Mai Nordhaug, Fauske. Busett i Solbergelva/Mjøndalen.
Ikring 1912 finn me Johan på eit bilete teken på Nesttun. Han var då saman med ei rekke andre frå Nordfjord og andre stader på ei militærmanøver. Biletet er og prenta i Fjordingen 18/3/1994.
Johan fekk skøyte frå faren i 1918. Johan dyrka og braut opp og sette mykje veiter. Han braut opp alt nedanfor Hammaren.
Johan fann eit gravfunn nedanfor ”Hammaren”. Det meste av dette funnet er på museum i Bergen, noko i Oslo.
I mange år var Johan sundagsskulelærar.
I 1933 skriv Johan og nokre andre kontrakt angående offentleg bygdeveg frå Yri til Rustøen. Dei seier seg og samde i planane om senkingsarbeide for elvane i Oldedalen og Oldevaattnet. Saman med andre påtek Johan seg ansvar for ymse i samband med utbygging av elva Sulkja.
Jenny gjekk eit ostekurs og i 1911 byrja ho på meieriskulen i Ålesund. Ho arbeidde på meieriet der i eitt år etterpå. Vart sidan meierist i Kandal i sju år. Seinare vart ho meierske på Aaberg i Oldedalen.
Monogram, initialar eller bumerke?
På ein gamal høvel som ligg i Nigar’ finn ein desse initialane eller monogramma. Om ein speglvender teikninga får ein fram lesbare, rettvende bokstavar. (V eller I, S, A og E?) V’en leier tanken mot Vollset – da enkja Agnethe Andersdotter vart gift opp att med Eirik Ellingsom Vollset.
På ein annan høvel står IISM. M’en leier tanken mot Myklebust, Mykløen, Muri, Melkevoll eller Melheim. Men: Dette veit me ikkje sikkert.
Kan ein finne ut kven som har laga desse høvlane? Dei kan nok vere kjøpt til gards med bokstavane på. Dei fortel om kontakt med andre bruk, - og dei heimegjorde høvlane fortel om ein bonde som måtte lage det meste sjølv.
Oldedalen feavlslag
Eg fann ein protokoll med påskrifta ”Kassabok for det nyskipa Oldedalen feavlslag 1943”. Eg bladde noko i denne, og nedanfor er nokre av dei notatene eg gjorde.
Feavlslaga vart skipa i 1925. Dei sette opp lovar for laget, og formålsparagrafen (§1) var slik:
”Oldedalens feavlslag er et paa aktier uansvarligt lag, som har til fyremaal aa fremja feavlen av rein fjordrase ved innkjøp og udstationering av typiske og gode avlsdyr.”
Like etter lovane for feavlslaget fann eg denne lista: ”Namn paa Lagslemorne: Fredrik Kvame, Kolben Kvame, Markus Kvame, Jørgen Kvame, Johan J. Kvame, Jakob Aaberg, Knut Høgalmen, Kristen Høgalmen, Rasmus Høgalmen, Elling Møkløen.” I det første styret sat K. Kvame, E. Møkløen og Jakob Aaberg.
Laget gjekk snart til innkjøp av ein okse. Namnet vart Svein. Tanken var at oksen skulle utstasjonerast hos eit av medlemmene kvar vinter. Om sommaren gjekk oksen på beite.
I 1928/29 stod oksen på båsen hos Johan Kvamme. Han fekk 280.- kroner for dette. Johan hadde oksen i 199/30 og 1930/31 óg. Han fekk 230.- og 220.- kroner for dette. Jakob J. Kvamme fortel at dei unge på bruket ikkje lika den svære, fårlege oksen. Det var berre Johan og systera Andrine som klårte å rå med oksen. Ein gong fekk oksen rispa opp ein bukk så dei kunne sjå lunga gjennom ribbeina. Men bukken vart sydd saman igjen!
På årsmøtet i 1933 vedtek dei at den som fórer oksen skulle vere kasserar i laget.
I protokollen finn eg desse namna på oksar: Svein, Lavrand, Sæmund, Gråplom og Aarestad (?).
Men feavlslaget fekk vanskar! I 1933 slo Lavrand seg i hel i hamnen, og laget måtte kjøpe ein ny okse. Dei fekk fatt i ein okse som hadde namnet Sæmund. Men Sæmund slo seg i hel i hamnen, han og!
I 1937 valde dei dette styret: Johan Kvame, Fredrik Kvame og Nils Høgalmen. Johan Kvame vart vald som formann.
Men av ein eller annan grunn vart drifta av laget vanskeleg, og snart låg drifta nede. Men i romjula 1942 nyskipa dei laget. I det nye styret sat Rasmus Aaberg (formann), Arne Myyklebust (kassestyrar) og Nils Høgalmen.
Eit krigsår gjekk oksen på beite lengre ute i fjorden. Men då dei skulle sjå etter han var han borte. Dei fann ingen spor etter han. Då krigen var over fekk dei høyre at heimestyrkane hadde slakta han!
Det er ikkje rekneskapsnoteringar etter 1975.
63. Jakob Andreas Johansson Kvamme
Jakob vart gift med Ingrid Malvinsdotter Nygård, Sjøtun i Blakset. Ho var fødd 28.2.1932.
Jakob gjekk vinterkurset på Vereide og Mo jordbruksskule. Han har farsgarden på Kvamme.
Ingrid gjekk framhaldssskole og var terne og setersjente på Ulvedal og i Teigen i blakset. Så reiste ho til Valen sjukehus. Først var ho avdelingsjente og sidan sjukepleier. Etterpå gjekk ho vinterkurset på Vereide. I 1952 byrja ho som elev ved Menighetssøsterhjemmet sin sjukepleierskule i Oslo. Då ho var ferdig der i 1955 byrja ho som menighetssøster i Olden.
9. april 1958 gifte ho seg med Jakob Kvamme.
Ingrid og Jakob fekk desse borna:
a) Jorun Margrete f. 6.7.1959.
b) Jon Olav Kvamme fødd 27.11.1960.
c) Margunn fødd 13.3.1963.
d) Agnes Olina fødd 11.2.1965.
e) Malvin fødd 18.4.1971.
I perioden 23.5.1957 – 7.10.1966 vart det gjort utmarksutskifting på garden.
14. Jon Olav Kvamme
Jon Olav vart gift med Møyfrid Sømme frå Sola i Rogaland.
Dei fekk:
a) Håvard André Kvamme, fødd 1985.
b) Geirmund Kvamme, fødd 1987.
c) Amalie Kvamme,
d) Jakob Kvamme,
e) Bendik Kvamme, fødd 1997.
Sylkja og Kvernhusdalen på Kvamme
Dette er et utsnitt av et gammelt bilde fra Anna Kvamme Homdroms album, nå hos datteren på Evje. Bildet viser Sylkja, omtrent som vi kjenner henne nå. Men så ser vi kvernhusene i Kvernhusdalen og folk og kyr foran.
Det hadde vært morsomt å kunne identifisere dette bildet nøyere. Er det tatt i samme anldening som noen av de andre kjnete Oldeedalsbildene? Når forsvant kvernhusene? Er det gjenkjennelige ansikter? Arbeides det med noen spesiell installasjon på bildet?
Gi meg gjerne et tips! (jve@spor.cc)
Jeg er ikke ferdig med denne historien, men legger ut puslebiter og notater her - for deling og som invitasjon til respons. Rekkefølge, form og innhold er under utvikling. Ta gjerne kontakt, så blir historien bedre!
Jarl V. Erichsen
Svartedabbe 16, 4870 Fevik jve@spor.cc